Nytt

Her vil siste nytt leggast ut fortløpande

Årsmøte / Parkmøte 2019 - SKP

Årsmøte / Parkmøte 2019 - SKP

Årets parkmøte / årsmøte vart halde på Jensbua Kystkultursenter torsdag 25. april 2019 kl. 17:30 . Protokollen frå møtet finn du her. Årsmelding, rekneskap, handlingsplanar og budsjett finn du også her.

Kontingent og betalingsinformasjon med faktura

Kontingent og betalingsinformasjon med faktura

Her er info og faktura for innbetaling av kontingent 2019:
Kr. 500 For private medl. samt ideelle lag- og org.
Kr. 1.000 For næringsliv
Kr. 6.000 For kommunar
Konto er 3705 33 73713
VIPPS-kode er # 106372

Vedtekter for parken

Vedtekter for parken

Dette er vedtektene for Sognefjorden Kystpark. Desse vart vedteke på årsmøte 6. juni 2017, og er tilpassa det faktum at parken då vart Noregs 6. regionalpark :)
Nedst i dokumentet finn du dei gode verdiane som Sognefjorden kystpark og dei andre godkjende norske parkane har forplikta seg på.

Parkplan for parken

Parkplan for parken

Dette er den vedtekne parkplanen for Sognefjorden Kystpark. Parkplanen er eit 10-årig charter. Det vert vist til handlingsplanane for Paken for meir detaljar omkring parken sine planlagde aktivitetar på kort og mellomlang sikt.

Partnarskapsavtale del1 og 2

Partnarskapsavtale del1 og 2

Vedlagt følgjer partnarskapsavtalen som gjeld mellom ein medlem og Sognefjorden Kystpark. Avtalen er langsiktig og del 1 er likelydande for alle. Betalande medlemer kan laste ned denne delen, føre på namn og dato og sende eit eksemplar til styreleiaren i kystparken.
Del 2 vert berre nytta dersom ein partnar vil utvikle samarbeidet med Parken vidare; - og då utover det generelle og utover det ein årskontingent kan finansiere.

Forstudie UNESCO Global GEOpark - eit nytt fyrtårn for HAFS?

Forstudie UNESCO Global GEOpark - eit nytt fyrtårn for HAFS?

Les denne flotte rapporten som Franziska Ruettimann i Kvernsteinsparken har utarbeidd på vegne av HAFS regionråd.
Etter at rapporten vart presentert regionrådet vart det avgjort at det skulle gjerast eit arbeid med å utgreie ein UNESCO Global Geopark i regionen. Deretter reiste regionrådet, saman med Franziska, Trude og leiar av Norske Parker, på studietur til nokre parkar i Europa som allereie har ein slik status.

Sognefjorden Kystpark - eit hav av moglegheiter

Sognefjorden Kystpark - eit hav av moglegheiter

Dette er ein rapport som vart utarbeidd etter at ein såg på moglegheitene med å etablere ein regionalpark i HAFS. Denne vart presentert regionrådet i same møte der forstudien for ein UNESCO Global Geopark vart presentert.