Årsmøte / Parkmøte 2019 - SKP

Opprettet 24.04.2019 19:11 av Kjell Mongstad. Sist oppdatert 07.05.2019 07:20

Det har skjedd veldig mykje gledelege i driftsåret, noko lesaren kan observera ved å lese årsmeldinga.
Og ein av dei mest gledelege, er vel at det no vil koma midlar over Statsbudsjettet til parkarbeidet i Noreg, via paraplyorganisasjonen Norske Parker.
Det vi har kjempa for i 2 år, og Norske Parker i årtier, har no lukkast.
Vi vonar verkeleg at dette vert ei årviss løyving over statsbudsjettet.


Med statleg medfinansiering via Norske Parker på plass, kan no kystparken sette inn ressursar i ulike prosjekt / planar som t.d. UNESCO Global Geopark i HAFS, der det er ei flott framdrift. Mykje tyder på at det vil verta starta opp eit hovudprosjekt til neste år. Eit stort satsingsområde og lukkast ein, vil dette sette vår region ettertrykkeleg på reiseliv- og opplevingskartet med ringverknader for både nærings- og samfunnsliv.
 
Arbeidet med å rulle ut prosjektet "Alle mann til pumpene" kan også truleg startast forsiktig opp; - eit prosjekt som handlar om moderne  landskapsskjøtsel og villsaudrift som modell for berekraftig nærings- og samfunnsutvikling. Eit prosjekt som vil få nasjonal overføringsverdi om ein lukkast med gjennomføringa.

Moglegheitane opnar seg også for mange andre spanande prosjekt som står på årsplanen som "Skippartaket" (eit partnarskapsprosjekt om bygningsvern), "Stadbasert læring" (kursserie for partnarane innan vertsskapsrolle), "Å vøla eit landskap" (tverr-regionalt forskningsprosjekt), og meire til.

Får vi ei jamn statleg finansiering med matching frå fylkeskommune og kommunane, så kan kulturnettverket også få det handlerommet som trengs for å jobbe vidare med å utvikle samarbeidet mellom kulturinstitusjonane våre med fokus på å skape ein felles identitet i regionen.

Velkomen som medlem i Sognefjorden kystpark. 
Din kontingent har vore avgjerande viktig for at vi er komne der vi no er.

PS!
Alt arbeid som så langt har skjedd, har vore basert på friviljug arbeid, så vi ber om at forventningane til kva som skjer- og kor fort ting kan skje, vert lagt deretter.

Relaterte filer
4 arig handlingsplan med arsplan Sognefjorden Kystpark vedteken pa Parkmote 25042019 160 KB
Arsmelding Sognefjorden kystpark 2018 endeleg. 271 KB
Innkalling til parkmote SKP for ar 2018 endeleg 199 KB
Protokoll arsmote 2019 med underskrifter 1.5 MB
Revidert rekneskap 2018 SKP 386 KB
Vedteke Budsjett 2019 SKP 28 KB