Kontingent og betalingsinformasjon med faktura

Opprettet 24.05.2017 22:19 av Kjell mongstad. Sist oppdatert 03.09.2018 20:20

Bli med i eit mangslungent samarbeid om å både ta vare på og utvikle naturen, kulturen, næringar m.m. i ein spanande og geologisk unik region.

Kr.    500 For private medl. samt ideelle lag- og org.
Kr. 1.000 For næringsliv
Kr. 5.000 For kommunar

Konto er 3705 33 73713
VIPPS-kode er # 106372 

Klikk på linken under og få litt info om kva som skjer i parken om dagen.

Eit kulturnettverket for HAFS-regionen er starta opp.
Kulturinstitusjonane og skulane er- og vil verta endå meir involvert.

Forprosjektet med å søkje om UNESCO Global GEOpark-status er igang, og Franziska og Trude reiser medio september på studietur til mellom- og sør-Europa, saman med heile den politiske- og administrative leiinga i regionen og Gaular. Styreleiaren i Norske Parker vert også med.

Framlegg til fleire partnarskapsavtalar del 2 er laga, og det vert spanande å prøve ut konkrete samarbeidsprosjekt, som t.d. landskapsskjøtsel- og villsauprosjektet.

Parken vår er også aktiv med i drøftingane på departementsnivå, i arbeidet med å få på plass ei permanent finansiering av parkane i Noreg. Vår unike kystpark har fått stor merksemd på nasjonalt nivå.  Det er von om ei statleg finansieringsordning frå år 2019/2020.
Dess fleire medlemer i parken, di betre er det med tanke på langtidsfinansieringa av parken.

Velkomen som medlem i Sognefjorden kystpark. 

PS!
Alt arbeid skjer som friviljug arbeid, så vi ber om at forventningane til kva som skjer- og kor fort ting kan skje, vert deretter.

Relaterte filer
Faktura medlemskontingent 2018 Sognefjorden Kystpark 57 KB
Informasjon kontingent og aktivitet i Sognefjorden Kystpark sept 18 506 KB