Forprosjektet UNESCO Global GEOpark, er snart ferdig - det vert tilrådd ei vidare satsing !

Opprettet 11.10.2019 19:18 av Ei ny merkevare for regionen. Sist oppdatert 26.10.2019 22:34

Franziska Ruettimann er på vegne av regionrådet i HAFS i ferd med å legge si siste hand på forprosjektrapporten som vil ha som konklusjon at vår region har dei unike kvalitetane som skal til for å få UNESCO Global GEOpark stempel på vårt parkområde.
Samstundes har Sognefjorden kystpark gjort vedtak om at ein ynskjer å smelte saman Sognefjorden kystpark med den potensielle nye geoparken som er under oppseiling. Denne samansmeltinga er eit nasjonalt nybrottsarbeid etter modell frå Europa elles. Norske Parker er med og heiar dette pilotprosjektet fram og vil vera aktiv med å støtte eit UNESCO hovudprosjekt med både ressursar og midlar i tida som kjem.
Vi gleder oss veldig over at eit hovudprosjekt kan starte opp neste år, men må avvente med å sleppe jubelen heilt laus, til vi ser om vi det kjem tilstrekkeleg med midlar på dei kommunale budsjetta til å få køyrt eit fullstenidg og berekraftig 3-årig hovudprosjekt.
Får vi dette til folkens, så får våre partnarar, vårt næringsliv og vår region eit av verdas sterkaste kvalitetsstempel klistra på sine publikasjonar, varer og nettsider.
Vi kryssar fingrane for at dette skjer fyldest.