Gladmelding - Norske parker er på statsbudsjettet også for år 2020 !

Opprettet 11.10.2019 18:43 av Heimelaga fiskekaker og røykelaks frå Frode Kalgra. Sist oppdatert 14.10.2019 08:52

At Norske Parker, og dermed vår park er komen med i framlegget til Statsbudsjett for 2. år på rad, er berre heilt fantastisk!
Dette er først og fremst eit resultat av at 36 trufaste medlemar, med 6 kommunar i spissen, har trudd på at parkarbeidet i vår region har vore liv laga.
Dette er også eit resultat av at mange friviljuge eldsjeler har gått saman for å lage eit innhald til parken som nasjonale mynde trur på.
No skal vi feire, med kallgode Heimelaga fiskekaker og røykelaks frå ein av våre partnarar, Frode Kalgraff. Så skal vi utvikle parken vidare, og då i visse om at ei grunnfinansiering for parkarbeidet i vår region er komen på plass.
Og fleire gladmeldingar vil følgje der vi m.a. vil fortelje om det flotte arbeidet som vert gjort med å få UNESCO - status på vårt særeigne landskap, og om oppstarten av satsinga på Landskapsskjøtsel- og villsaudrift, og meire til.
Ver gjerne med og feire saman med oss!

Relaterte filer
IMG 0263 566 KB