Hardbakke Villsaulag SA er skipa !

Opprettet 26.04.2020 10:52 . Sist oppdatert 26.04.2020 11:29

Frå den 9. mars år 2020 må historiebøkene i Noreg omskrivast.
Hardbakke Villsaulag SA vart nemleg skipa denne dagen.
Dette blir den første testen på utrulling av modellen for moderne landskaps- og villsauskjøtsel som vart utvikla prosjekt Kystparken og det nye samvirkelaget skal førerstå den daglege drifta i satsinga.

Modellen har mange fantastisk gode formål og satsinga er til dei grader tidsriktig.
Dette er også ein del av både eit nasjonalt pilotprosjekt på uttesting av elektroniske gjerdesystem for villsau, og det er eit internasjonalt referanseprosjekt for Norske Parker i høve "Levande landskap" og som metode for lokal samfunnsutvikling.

Du kan fortsatt teikne part i laget og då vil du kunna følgja den vidare utviklinga på medlemssida på facebook.
Ein part kostar kr. 1.000 og kontoen for innbetaling er 3705.42.16832.
Etter at innbetaling er registrert, får du tilsendt partseigarbeviset på mail og du vert invitert med i denne medlemssida på FB.

Vi gleder oss til å følgja den vidare utviklinga. Enn så lenge kan du sjå litt frå den andre historiske dagen då nokre drektige villsauar vart overført frå sin "treningsleir" på NOFENCE på Tangenes til sitt nye beiteområde ved Kystarboretet på Hardbakke:
https://www.facebook.com/102420911342124/videos/674978326597472/