Noregs første Regional-Geopark er født - Fjordkysten Regional- og Geopark !

Opprettet 17.12.2020 10:52 av Kjell Mongstad. Sist oppdatert 17.12.2020 11:27

På eo Parkmøte i Leirvik den 15. desember 2020 vart Sognefjorden kystpark omdøypt til Fjordkysten Regional- og geopark.
Heretter vil vår park vera Noregs første park som er både ein Regionalpark og ein Geopark. Målet er at parken skal være godkjent som en UNESCO Global GEOpark frå og med år 2025. Og vi er på god veg mot å nå dette målet

Det har blitt mykje å feire for parken dette året; - skipinga av Hardbakke Villsaulag SA, nominasjonen til Europarådets Landskapspris, at Skippartaket vart så vellukka og at parken er plukka ut som kandidaten til å represententer Noreg ved kåringa av denne landskapsprisen!

No er det berre å starte feiringa igjen;
- denne gongen for Fjordkysten Regional- og Geopark.Sett igang med å spise både fiskefestkaker, sprette champagnen og heise flagget til topps.
For dette er verkeleg ein merkedag for vår region.
Og om du ikkje merkar konsekvensane så godt denne første dagen, så vil denne hendinga verta merkbar for alle innbyggjarane og næringslivet i regionen vår i åra som kjem.

Protokoll frå dette historiske møtet vil verta lagt ved denne artikkeln, straks den er underskriven.