Referat frå årsmøte i Sognefjorden Kystpark den 6. juni år 2017

Opprettet 18.06.2017 09:55 av Kjell Mongstad. Sist oppdatert 04.03.2020 08:57

REFERAT FRÅ ÅRSMØTET I SOGNEFJORDEN KYSTPARK

Møtestad:  Skafferiet ved Solund Leilegheitshotell 
Møtetid:    Tirsdag den 6. juni 2017, kl. 18.15 - 20:30

Møtet vart innleia med at styreleiar informerte om Sognefjorden kystpark.
Det vart gitt høve til å stille spørsmål.
Vidare vart det gjennomført ein quiz for å teste ut den regionale kunnskapen mellom dei frammøtte.

Deretter vart dei frammøtte som hadde stemmerett registrert.
Det var i alt 15 av 25 medlemer som var representert på parken sitt årsmøtet

Sak 1:         Val av møteleiar og referent

    • Trude J. Søilen vart vald til å leia årsmøtet
    • Kjell Mongstad vart vald til å vera referent under årsmøtet

Sak 2:         Val av 2 representantar til å skrive under møteprotokollen

    • Tor Arne Hauge vart vald til å skrive under møteprotokollen saman med styreleiaren

Sak 3:         Godkjenning av innkalling og saksliste

  Norske Parker har meldt inn ynskje om at det vert handsama 2 valsaker på årsmøtet

    • Innkalling vart samrøystes godkjent
    • Sakslista vart godkjend med tillegg av ny sak nr. 9 – Val, innmeldt av Norske Parker

Sak 4:         Godkjenning av reviderte vedtektene for parken

    • Dei reviderte vedtektene vart samrøystes godkjende med følgjande endringar:
      • § 4, setning nr. 2 vert stroken

Sak 5:         Godkjenning av revidert parkplan 

    • Den reviderte parkplanen vart samrøystes godkjent.
      Det vart oppmoda om å sette inn referansar til faginstansar sine uttaler i planen.

Sak 6:         Godkjenning av ein mal for partnarskapsavtalar

    • Malen for partnarskapsavtale del 1 vart samrøystes godkjent.
    • Malen for partnarskapsavtale del 2 vart samrøystes godkjent.

Sak 7:         Godkjenning av 4-årig handlingsplan / årsplan

 Det kom ein del innspel / idear i møtet som styret tek med seg i sitt vidare arbeid.

    • Den 4-årige handlingsplanen vart samrøystes godkjent.
    • Årsplanen vart samrøystes godkjent.

Sak 8:         Godkjenning av budsjett 2017

    • Budsjettet for år 2017 vart samrøystes godkjent.

Sak 3:         Val

 Styret for Sognefjorden kystpark vart vald på stiftingsmøte fram til årsmøte i år 2018.

 Val av 1 representant til styret i Norske Parker:

    • Gry Buer vart samrøystes vald som styrerepresentant.

 Val av 1 utsending som skal representere Sognefjorden kystpark på Norske Parker sitt  

årsmøte i september:

    • Trude J. Søilen vart samrøystes vald som utsending
    • Styret får fullmakt til å oppnemne ein vararepresentant dersom den valde utsendingen må melde forfall.

Årsmøtet vart deretter heva.

Hardbakke 6. juni 2017mvh
Kjell Mongstad
referent

Hardbakke 6. juni 2017

                              Tor Arne Hauge                                               Trude J. Søilen

                                     -sign-                                                             -sign-

 

Relaterte filer
Referat fra ARSMOTE i SOGNEFJORDEN KYSTPARK 6.juni 2017 med underskrifter 638 KB