Ny rapport om UNESCO Global Geopark i HAFS/Ytre Sogn

Opprettet 26.10.2019 19:59 av Franziska Rüttimann. Sist oppdatert 26.10.2019 22:35

Forankring

Det er forankring som har stått i sentrum for geoparkprosjektet i 2019. Ein har reist rundt til alle kommunane, fått innspel frå politikarar og administrasjon – og ikkje minst folk flest. No er rapporten frå arbeidet klår, han kan lastast ned her. Rapporten fortel om arbeidet og gjer greie for korleis den vidare vegen mot ein UNESCO Global Geopark kan vere.

I desse dagar vert rapporten presentert for HAFS-kommunane og nye Sunnfjord kommune. Målet er å vidareføre arbeidet mot ei konkret etablering, med utvikling av naudsynt infrastruktur, i åra 2020-23. Det tek tid å få UNESCO-godkjenning, ho kan tidlegast komme i 2026.

 

Samandrag av rapporten

Her er eit samandrag av arbeidet i 2019:

I tillegg til nasjonalparkar, finst det i Europa nesten 1000 andre typar parkar. Dei har ikkje naturvern som sitt føremål, men fungerer som plattform for å ta vare på natur- og kulturverdiar og utvikle samfunnet på ein berekraftig måte. Slike parkar er basert på at fleire kommunar går saman og brukar parkorganisasjonen som utviklingsverktøy. Dette har blitt ein så stor suksess, spesielt knytt til auka reiseliv og produktutvikling (lokalmat osv.) at mange land i Europa støttar parkane sine med offentlege midlar.

Dei viktigaste oppgåvene til ein park er:

  • Bygge opp og styrke ein felles identitet i parkområdet og auke bustadattraktivitet
  • Bidra til berekraftig samfunns- og næringsutvikling (reiseliv, landbruk osv.) basert på lokale natur- og kulturverdiar

Den mest utbreidde parkmodellen er Regionalpark (i utlandet heiter dei ofte naturparkar). I tillegg har UNESCO innført to parkmodellar; UNESCO Global Geopark (etablert i 2015) og UNESCO biosfæreområde (etablert i 1971).

I Noreg finst det i dag:

  • 9 Regionalparkar (organisert via interesseorganisasjonen Norske Parkar)
  • 3 UNESCO Globale Geoparkar og 1 norsk Geopark (Sunnhordland Geopark)
  • 1 UNESCO biosfæreområde (Nordhordland)

Dei norske Regionalparkane har i år, for første gong, komme på statsbudsjettet med 5 mill., for 2020 er det det same beløpet satt av. I HAFS-regionen finst Regionalparken «Sognefjorden Kystpark» som vart etablert i 2017 og som no nyt godt av den statlege støtta.

Som forstudien (2018) om UNESCO Geopark i HAFS viser, tyder alt på at HAFS-området kvalifiserer til ein UNESCO Geopark. Føresetnad for å bli UNESCO Geopark er at ein region rår over ein geologisk arv av internasjonal betyding, at det er etablert ein Geopark som har vore i drift i minst eitt år og har ei trygg finansiering i botnen. Fordelen med å bli UNESCO Geopark er moglegheita til å marknadsføre regionen som «UNESCO-region» (UNESCO-varemerket er det mest ettertrakta kvalitetsstempelet for ein reisedestinasjon) og delta i det store internasjonale Geopark-nettverket. Elles gjeld dei same fordelane som for Regionalparkar.

I utlandet er mange parkar både Regional- og Geoparkar. Allereie i forstudien (2018) blei det anbefalt å bygge ein UNESCO Geopark på den eksisterande Regionalparken «Sognefjorden Kystpark» slik at «vår» Geopark vil bli den første i Noreg som er begge delar. Geoparken i HAFS vil vere basert på kommunane som har støtta forprosjektet: Askvoll, Fjaler, Gulen, Hyllestad, Solund og delar av Sunnfjord kommune (den vestlege delen av noverande Gaular kommune). I tillegg tilrår geologane å inkludere delar av Høyanger kommune.

Konglomerat frå devon: Eit mangfald av stein frå den tida den kaledonske fjellkjeda her i vest gjekk til grunne. Konglomerat er sjølve symbolet på den mangfaldige Geoparken, han bind saman kommunane våre. Frå Storehesten, utover Bulandet-Værlandet, Lihesten, Solund…

Konglomerat frå devon: Eit mangfald av stein frå den tida den kaledonske fjellkjeda her i vest gjekk til grunne. Konglomerat er sjølve symbolet på den mangfaldige Geoparken, bind saman kommunane våre. Frå Storehesten, utover Bulandet-Værlandet, Lihesten, Solund…

 

Området må etter UNESCO-krava vere geografisk samanhengande. Dette betyr i praksis at parken kanskje kan realiserast utan ein eller to av randkommunane, men at både Fjaler og Hyllestad må vere med dersom ein UNESCO Geopark skal bli noko av.

Geoparken i HAFS kan i si endelege form etter hovudprosjektet (2024) sjå slik ut:

  • Organisasjon: Medlemsbasert lag (med kommunane representert i styret).
  • Stillingar: 3 fulle stillingar, pluss prosjektstillingar
  • Driftsbudsjett: ca. 3-3,5 mill.
  • Finansiering: Stat (ca. 0,5-1 mill.), fylkeskommune (ca. 0,5-1 mill.), kommunane (ca. 1 mill.), sponsor- og prosjektmidlar (0,5-1 mill.)

Oppgåver/tiltak:

  • Formidling av natur- og kulturarven (tilrettelegge besøksstader, turar og opplevingsprodukt, skuleprogram, guideutdanning osv.)
  • Samfunns- og næringsutvikling (prosjektsamarbeid med ulike bransjar som reiseliv, landbruk, havbruk/fiskeri osv., produktutvikling, arrangement)
  • Internasjonalt prosjektarbeid og nettverksbygging (reiseliv, naur og kultur, lokalsamfunnsutvikling mm.)

Vegen for å realisere ein UNESCO Geopark i HAFS kan sjå slik ut:

2020:

  • Tilpasse vedtektene og planane til Sognefjorden Kystpark for å kunne bli Geopark
  • Førebu hovudprosjekt (detaljert beskriving, søknadsskriving)

2021-2023: Hovudprosjekt

  • Sende søknad om å bli Norsk Geopark (2021)
  • Bygge opp Geoparken
  • Skrive søknad til UNESCO (2023)

2024/2025: Vurdering søknad

2026: Svar frå UNESCO om godkjenning – og full drift vidare!

Referanser

Rüttimann Storemyr, F. 2019. UNESCO Global Geopark i kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund, Gulen og Sunnfjord. Forprosjektsrapport til HAFS-Regionråd. Rapport til HAFS Regionråd frå Norsk Kvernsteinsenter, Hyllestad. Kvernsteins­parkens skrifter, 5, 52 s. PDF

Rüttimann Storemyr, F. 2018. UNESCO Global Geopark i HAFS-regionen: Eit nytt fyrtårn for HAFS og Sogn og Fjordane? Rapport til HAFS Regionråd frå Musea i Sogn og Fjordane, avd. Norsk Kvernsteinsenter, Hyllestad. Kvernsteins­parkens skrifter, 3, 69 s. PDF