Vi startar opp eit landskapsskjøtselsprosjekt som skal vera eit internasjonalt referanseprosjekt i Norske Parker

Opprettet 11.10.2019 20:24 . Sist oppdatert 14.10.2019 08:52

Endeleg er tida komen !
For no startar vi opp denne spanande satsinga på landskap- og villsauskjøtsel som jo har vore signalisert ein del år, men som har stått halvvegs på vent; - i påvente av at eit elektroniske gjerdesystem skulle verta godkjent for bruk i vårt aktuelle beiteområde.
I juni skjedde dette og parken er no ein nasjonal pilot på uttesting av gjerdene.
Avtalar med alle grunneigarane i prosjektområde er på plass og sauene har sidan juni testa ut gjerdet på Indrøy. Det kjem til å verta invitert til eit skipingsmøte for Hardbakke villsaulag før nyttår. Modellen, skjøtselsplanen, vedtekter, skipingsdokument, o.likn. er meint å skulle delast, slik at fleire slike lag kan skipast andre stader i regionen og landet.
Denne satsinga meiner vi er eit stort, berekraftig bygdeutviklingsprosjekt, som vil få regional og nasjonal overføringsverdi. Føremåla med satsinga er mange og vil vera stort sett likt for alle som tek modellen i bruk:
• gje klima- og miljøutfordringane eit ansikt og ei lokal / regional løysing
• hente fram eit altfor overgrodd landskap
• skape kontakt mellom menneske og dyr
• skape ein læringsarena med fokus på handleboren kunnskapsformidling
• skape møteplassar på tvers av generasjonar
• lage ein naturleg integreringsarena
• involvering av barnehage og skule som medskjøtslarar
• skape tilrettelagte arbeidsplassar
• auke den generelle folkehelsa
• auke bustadattraktiviteten for bygdefolket
• forsterke samhandling omkring natur- og kulturbasert reiseliv
• auke verdien på potensielt framtidig tomteland
• produsere lokalmat
• etc.

Eit av dei overordna føremåla med parkarbeidet er å samarbeide om ivaretaking og utvikling av landskap og lokalsamfunn. Norske Parker ser dette prosjektet så spanande, at dei ynskjer nytte denne satsinga som eit internasjonalt referanseprosjekt i sitt pågåande profileringsarbeid,
Vi gleder oss no til å kome igang, og til å vera eit bidrag til både lokal- og regional samfunns- og næringsutvikling på dagsorden i regionen.