Om oss

Sognefjorden kystpark vart stifta 17.januar 2017 som ein norsk regionalpark.
Den 8. mai 2017 vart parken godkjent som Noreg sin 6. av idag i alt 8 norske regionalparkar.

Sognefjorden kystpark har som føremål å "koordinere og utvikle eit langsiktig samarbeid for å ivareta, skape verdiar av, og formidle dei særeigne natur- og kulturverdiar som regionen rundt Ytre Sognefjorden har".

Sognefjorden kystpark er ein medlemsstyrt park. Medlemene kan vera alt frå privatpersonar, verksemder, kommunar, til folkelege lag og organisasjonar. 

Sognefjorden kystpark sine medlemer vert kalla partnarar.
Kvar medlem forpliktar seg på ein partnarskapsavtale del 1 og på kystparken sine vedtekter. Medlemene forpliktar seg også på det verdigrunnlaget som gjeld for norske parker og parkprosjekt. Les om desse verdiane nedst i vedtektsdokumentet.

Sognefjorden kystpark sine medlemer kan teikne ein partnarskapsavtale del 2, der partnane forpliktar seg gjensidig på innhaldet i avtalen. Dette kan t.d. handle om prosjektutvikling, marknadsføring og merkevarebygging m.m.

Sognefjorden kystpark samarbeider tett med Kvernsteinsparken i Hyllestad.
Desse parkane har ein felles langsiktig målsetnad; - å få regionen eller delar av denne godkjend som ein "UNESCO Global GEOpark".

Sognefjorden kystpark har også etablert eit spanande kulturnettverk i HAFS, startar før sommaren med prosjektet "Landskapsskjøtsel og villsaudrift som modell for ei berekraftig samfunns- og næringsutvikling, jobbar med "Skippartaket" som er ein del av ein partnarskapsavtale mellom 4 aktørar på bygningsvern, har på gang eit stadbasert læringsprosjekt og mykje, mykje meir på gang.

Sognefjorden kystpark er medlem i Norske Parker, ein paraplyorganisasjon for parkarbeidet i Noreg. I år 2019 kom det ei historisk løyving på 5,0 mill. over statsbudsjettet til denne paraplyorganisasjonen, der det er meininga at midlane også skal kome medlemsparkane tilgode meir og meir etterkvart som løyvinga veks og Norske Parker har fått bygd Norway Parks som paraplyorganisasjon for alle regional- og geoparkar i Norge, etter modell frå Europarcs internasjonalt.

Sognefjorden kystpark sitt styre (2019):

Trude J. Søilen (styreleiar)
Franziska Ruettimann
Ole Andre KLausen
Arne Osland
Gry Buer
Håvard Mongstad
Marita Solheim
Anne Kristine Dyrdal

David Gåsvær (vara)
Nils Bjørgo (vara)
Linda Landøy (vara)